Husnes Vekst Framsida

Velkommen til Husnes Vekst!

Klikk på bilete for full storleik
Husnes 2004 (Foto: Frode Leikvoll)
 

Husnes - inkluderande, nyskapande og urban

Husnes Vekst er en frivilig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Husnes Vekst arbeider for at Husnesområdet blir eit slagkraftig senter for industri, handel, service, reiseliv, skule, idrett og kultur. Organisasjonen driv aktiv arbeid for eit godt bu- og livsmiljø for innbyggarane i Husnesområdet.

 

Dette arbeider vi med:

 

Husnes Vekst ønskjer å vera pådrivar for å få nye bustadområde, friluftsområde, stader for leik, og område der næringslivet kan utvikla seg. Husnes Vekst ønskjer å vera ein aktiv medsperlar for kommunen når det gjeld utbyggingssaker , reguleringsplanar og kommunedelplanar.

 

Husnes Vekst er oppteken av å delta i trivselstiltak for folk som kjem på besøk og for dei som bur i området. Me kan nemna «Kom heim»-tilskipinga i romjula, Husnesdagane, Sommarrevyen, og Kvinnherad Kulturfestivel om vinteren som viktige og positive aktivitetar på Husnes. Me ønskjer vera med i arbeidet, saman med andre, om å utvikla nye trivselstiltak for Husnesingane

 

Husnes Vekst er dessutan engasjert i reiselivsarbeidet, og lagar til brosjyremateriell og anna for å profilere bygda i turistinformasjonar og i båthamner.

 

I tillegg ønskjer vi å få på plass dei servicetilboda som eit moderande samfunn skal ha.

Å få lagt offentlege kontor til Husnes har vore ei prioritert oppgåve. Husnes Vekst har difor arbeida spesielt mykje med å få lensmannskontoret ope kvar dag, NAV-kontoret lett tilgjengelig for folk flest og at Kulturskulen og dei andre skulane i område får moderne lokale som er tilpassa dagens behov.

 

Engasjer deg i bygda di!

 
 

Siste nyhende

Husnes Vekst støttar gang- og sykkelveg


Arbeidet for gang- og sykkelveg mellom Slettestølen (Storemyr) og Pollen (Opsangervaten) er godt i gang.
 
Les meir 29.03.2010

 

Årsmøte i Husnes Vekst



Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 16. mars kl. 19:00 på Dr. Munk, Torghuset, Husnes.
Alle medlemar er invitert!
 
Les meir 16.03.2010

 

Kontakt oss

Eldre nyhende
15.12.2009
Kulturskulesenteret – for Kvinnherad. Uttale frå HV
Kulturskulen i Kvinnherad har sidan oppstarten i 1976 vore ei suksesshistorie. Over 4.000 barn og unge har fått høve til å utvikla sine kreative evner  gjennom Kulturskulen sine ulike tilbod til glede og nytte for seg sjølv og oss andre. Stadig nye unge frå Kvinnherad satsar som kulturbaserte yrkjer, for  mange av dei har undervisninga i  Kulturskulen vore starten på dette valet.
Les meir
20.02.2009
Parkeringsplass ved Husnes kyrkje - Uttale frå HV
Området ved Husnes kyrkje og kyrkjegarden har lege uferdig sidan utfyllinga mot Bogsnesvågen vart gjort i samband med etableringa av SØRAL midt på 60-talet. I over 40 år var det berre mogeleg å parkera langs den trafikkfarlege vegen mellom kyrkja og fyllinga.
Les meir
07.11.2008
Stadanalyse for Husnes sentrum - Uttale frå HV
Styrking av Husnes som sentrum i Kvinnherad kommune er etter Husnes Vekst si meining nødvendig for å utvikla kommunen sin posisjon i regionen. Vi har store forventningar til at stadanalysen vil leggja grunnlag for denne utviklinga.
Les meir
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS