 |
Visjon for Husnes |  | | Samspel (Foto: Kristina Lie Sundal) |
| | |
Husnes - inkluderande, nyskapande og urban
| | | |
| | |
Inkluderande
| | | |
Eit inkluderande Husnes tilrettelegg for alle aldersgrupper og samfunnslag. Vi snakkar om det fysiske; at ein i rullestol eller ein som køyrer barnevogn lett skal kunne bevege seg rundt på alle offentlege stader. Det skal også vera trygt å vera liten eller gammal. Gode gangstiar til alle fasilitetar som skule og butikkar må tilretteleggast. Alle grupper må kunne føla seg velkommen i dei ulike offentlege rom. Ein må kunne bevege seg i sentrum også på kveldstid og ikkje låsa av sentrumsområdet.
| | |
Nyskapande
| | | |
Eit nyskapande Husnes må følgje med utviklinga og tenkja framover. Ein må planleggja for morgondagen. Energi kjem til å bli eit viktig tema framover og det må Husnes planleggja for. Å nyttegjere seg spillvarme frå SØRAL er ei løysning. Det vert stilt større krav til bygningar og energibruk i framtida.
| | |
Urban
| | | |
Her tenker ein at ein skal bruka urbane strategiar for utvikling av Husnes sentrum. Eit urbant Husnes tilrettelegg for at bilar og menneska effektivt skal kunne flytta seg. Gode vegar med oversiktlege vegkryss, gode parkeringsplassar og tilrettelagt felt for gåande og syklande er viktig å prioritera. Ein urban stad har gode møteplassar både på dags og kveldstid. | | | | | | | |
| |
| | Husnes Vekst | | Postboks 170 | | 5480 Husnes | | E-post: | | post@husnesvekst.no | | Kontonr.: | 7285 05 04971 | | Org.nr. | 971 356 545 |
|
|
| 29.03.2010 | Husnes Vekst støttar gang- og sykkelveg | Arbeidet for gang- og sykkelveg mellom Slettestølen (Storemyr) og Pollen (Opsangervaten) er godt i gang. | | Les meir | 16.03.2010 | Årsmøte i Husnes Vekst |
Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 16. mars kl. 19:00 på Dr. Munk, Torghuset, Husnes. Alle medlemar er invitert! | | Les meir | 15.12.2009 | Kulturskulesenteret – for Kvinnherad. Uttale frå HV | | Kulturskulen i Kvinnherad har sidan oppstarten i 1976 vore ei suksesshistorie. Over 4.000 barn og unge har fått høve til å utvikla sine kreative evner gjennom Kulturskulen sine ulike tilbod til glede og nytte for seg sjølv og oss andre. Stadig nye unge frå Kvinnherad satsar som kulturbaserte yrkjer, for mange av dei har undervisninga i Kulturskulen vore starten på dette valet. | | Les meir | |
| |