Historie - husnesvekst.no Framsida

Historisk tilbakeblikk

 

Dei fyrste åra

Opptakten til Husnes Vekst vart gjort i byrjinga av 1987. Den 16. mars var det kalla inn til møte i samfunnshuset der planane for skiping av ein ny organisasjon vart presentert – og diskutert. Eitt av føremåla skulle vera å etablera eit felles forum for samarbeid og utvikling av Husnes som handelssenter og samtidig vera pådrivar overfor kommunen og politikarane.

 

Kristian Hus (leiar), Svein Røyrvik, Eirik Sæther, Magne Ivarsøy og Jan B. Ingvaldsen vart valde til interimstyre og heldt konstituerande møte 24. mars 1987.

 

Det vart sendt ut brev til kring 120 bedrifter i Husnes – Sunde-området om den føreståande skipinga av selskapet. Dessutan hadde interimstyret møte med dåverande ordførar Thorleif J. Hellesøy, som signaliserte at Kvinnherad kommune ville støtta tiltaket. Det vart også søkt om midlar frå Kommunal- og arbeidsdepartementet og Hordaland fylke.

 

Selskapet vart formelt stifta 12. oktober 1987 med følgjande styre: Kristian Hus (leiar), Svein Røyrvik, Jens Ottersen, Jostein Haktorson og Jørgen Nilsestuen.

 

Kjell O. Nygård vart seinare tilsett som dagleg leiar i eitt års engasjement.

 

Etter nokre år vart aksjeselskapet oppløyst, men organisasjonen besto og dreiv vidare utan formell dagleg leiar.

 
 
Klikk på bilete for full storleik
Fjordidyll i industribygda (Foto: Karen Elisabeth Bogsnes)
 

Arbeidet fortset

I 1995 vart Husnes Vekst og Husnes Sentrumsforening slegne saman med mykje av dei same oppgåvene som dei to foreiningane kvar for seg hadde arbeidd med til då. Annemor Ekeland vart tilsett som ny dagleg leiar og haldt fram i stillinga til 2003. Frå 2003 har Husnes Vekst ikkje hatt fast tilsette, men blitt leia av arbeidande styreleiar på deltid. Aktiviteten har etter beste evne vore halde oppe på frivillig basis.

 

I samband med prosjektet ”Eit vakrare Husnes” har det vore lagt ned ein stor innsats og arbeidet vil halda fram. Styremedlemmer har hatt ei rekke møter med kommunen, politikarar og andre i samband med dette. Det har og vore arranger fleire opne møter og presentasjonar til publikum.

 
Klikk på bilete for full storleik
Kva er det med Husnes (Foto: Magne Fitjar)

Husnes Vekst har ein representant i Kvinnherad Kulturfestival og bidreger økonomisk til dette kulturtiltaket. Selskapet har teke på seg å setja opp lys i samband med julefeiringa i sentrum, samt beplantning i sommarsesongen. Husnes Vekst har hatt fleire tilskipingar der fokuset har vore å få folk engasjert og melda seg inn i Husnes Vekst.

 

Det er mange aktuelle saker som krev engasjement, for eksempel å bygge ny Kulturskulesenter, oppgradere stranda ved Borvika, engasjere seg i en ombygging av krysset på Hellandsbrua, parkområde rund Husnes kyrkje, trafikksikring generellt og ikkje minst følgje opp den store utvidinga og utfromninnga av Husnes sentrum.

 
 
 
 
  Tilbake

 

Kontakt oss

Siste nyhende
29.03.2010
Husnes Vekst støttar gang- og sykkelveg

Arbeidet for gang- og sykkelveg mellom Slettestølen (Storemyr) og Pollen (Opsangervaten) er godt i gang.
Les meir
16.03.2010
Årsmøte i Husnes Vekst


Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 16. mars kl. 19:00 på Dr. Munk, Torghuset, Husnes.
Alle medlemar er invitert!
Les meir
15.12.2009
Kulturskulesenteret – for Kvinnherad. Uttale frå HV
Kulturskulen i Kvinnherad har sidan oppstarten i 1976 vore ei suksesshistorie. Over 4.000 barn og unge har fått høve til å utvikla sine kreative evner  gjennom Kulturskulen sine ulike tilbod til glede og nytte for seg sjølv og oss andre. Stadig nye unge frå Kvinnherad satsar som kulturbaserte yrkjer, for  mange av dei har undervisninga i  Kulturskulen vore starten på dette valet.
Les meir
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS