Husnes Vekst Framsida

Husnes Vekst støttar gang- og sykkelveg


Arbeidet for gang- og sykkelveg mellom Slettestølen (Storemyr) og Pollen (Opsangervaten) er godt i gang.
 

Fleire organisasjonar frå Sunde området har engasjert seg i prosjektet. Turstiar på Sunde, Sunde grendalag, Sunde oppvekstsenter og FAU v/ Sunde skule ynskjet ein tryggare veg for alle mjuke trafikantar som ferdast mellom Sunde og Husnes. Dette blei særleg aktualisert etter at Halsnøysambandet var tatt i bruk.

 

Det var sett i gang ein innsamlingsaksjon vendt både mot det lokale næringslivet og husstandane for å skaffa pengar til lys langs den nye vegen. Kostnadene med dette var rekna til nærare 200.000,- kr. Husnes Vekst bidrar med 24.000,- kr.

 

Det er von om at vegen skal stå ferdig til sommaren.

 
 
Mer info. om prosjektet finner du her
 
 
  Tilbake

 

Kontakt oss

Siste nyhende
29.03.2010
Husnes Vekst støttar gang- og sykkelveg

Arbeidet for gang- og sykkelveg mellom Slettestølen (Storemyr) og Pollen (Opsangervaten) er godt i gang.
Les meir
16.03.2010
Årsmøte i Husnes Vekst


Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 16. mars kl. 19:00 på Dr. Munk, Torghuset, Husnes.
Alle medlemar er invitert!
Les meir
15.12.2009
Kulturskulesenteret – for Kvinnherad. Uttale frå HV
Kulturskulen i Kvinnherad har sidan oppstarten i 1976 vore ei suksesshistorie. Over 4.000 barn og unge har fått høve til å utvikla sine kreative evner  gjennom Kulturskulen sine ulike tilbod til glede og nytte for seg sjølv og oss andre. Stadig nye unge frå Kvinnherad satsar som kulturbaserte yrkjer, for  mange av dei har undervisninga i  Kulturskulen vore starten på dette valet.
Les meir
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS