Husnes Vekst Framsida

Kulturskulesenteret – for Kvinnherad. Uttale frå HV

Kulturskulen i Kvinnherad har sidan oppstarten i 1976 vore ei suksesshistorie. Over 4.000 barn og unge har fått høve til å utvikla sine kreative evner  gjennom Kulturskulen sine ulike tilbod til glede og nytte for seg sjølv og oss andre. Stadig nye unge frå Kvinnherad satsar som kulturbaserte yrkjer, for  mange av dei har undervisninga i  Kulturskulen vore starten på dette valet.
 

Det planlagde Kulturskulesenteret på Husnes vil vera den største satsinga innanfor kulturområdet i Kvinnherad og vil gje høve for vidare utvikling av kulturlivet som få kommunar kan konkurrera med.

 

Planane som byggjer på  LEAD Inc./ Rambøll Norge AS sitt vinnarforslag i arkitektkonkurransen viser eit flott og spanande bygg som vil lyfta Husnes sentrum og framtidige brukarar av Kulturskulesenteret.

 

Vi har alle delteke på arrangement der vi har kunna gle oss over flotte framføringar og kunstnarlege innslag av unge med bakgrunn frå Kulturskulen. Aldri har så mange barn og unge hatt gleda over å kunna utvikla evnene sine gjennom opplæring innanfor musikk, dans, drama og bildande kunst. Resultatet av dette ser vi kvar veke heile året i forskjellige samanhengar i kommunen vår.

 

Kulturskulen sine tilsette har høg kompetanse innanfor sine fag, dei bidreg med denne kompetansen i framsyningar og konsertar og som dirigentar og instruktørar i kor og korps.

Det er på tide at elevar og lærarar får høve til å samla aktivitetane i lokalar som er tilpassa bruken og som gjev høve til øving, samspel og samarbeid mellom ulike kunstformer på ein heilt annan måte enn tidlegare. Etter 33 år i ”lånte” lokalar med mange provisoriske løysingar fortener dei dette senteret.

 

Bygging av Kulturskulesenteret vil òg bli eit stort fortrinn i samband med rekruttering av nye lærarar og instruktørar i Kulturskulen. Husnes Vekst er overbevist om at samling av Kulturskulen sitt tilbod i denne delen av kommunen vil gje elevar og lærarar eit unikt høve til vidareutvikla skulen, satsinga vil og vera ei løft for kulturlivet i kommunen.

 

Det har skjedd mykje på Husnes dei siste åra, særleg i regi av næringslivet. Utvikling og utbygging av Husnes sentrum er eit prosjekt som er nødvendig for heile Kvinnherad sjølv om det kan vera kontroversielt. Det er viktig at offentlege tilbod er ein del av denne utviklinga slik vi får med etableringa av NAV og nye lokalar for Lensmannskontoret. Kulturskulesenteret vil saman med Kulturhuset Husnes og Kvinnherad bibliotek bli eit fantastisk kultursenter. Denne samlinga av tilbod opnar for nye samarbeid til glede og nytte for oss alle.

 

Etablering av Kulturskulesenteret vil vera eit av mange tiltak som Kvinnherad kommune saman med alle gode krefter må gjennomføra for å gjera Kvinnherad til ein meir robust kommune. Utfordringane med eldrebølgja og stor trong for rekruttering til nye og eksisterande jobbar både i offentleg verksemd og i næringslivet gjer at ein må utvikla Kvinnherad til ein meir attraktiv kommune. Alle kommunar i landet står framfor liknande utfordringar, Kvinnherad sine alt for dårlege kommunikasjonar må oppvegast med gode tilbod på andre områder.

 

Næringslivet sitt bidrag på kr 12,5 mill. viser dei tek desse utfordringane på alvor og at dei ser Kulturskulesenteret som viktig for sine verksemder og sine tilsette. Denne støtta forpliktar kommunen til fullføra planane og Husnes Vekst vil på det sterkaste oppmoda kommunestyret om å sørgja for finansiering i samband med handsaminga av budsjett og økonomiplan.

 

Husnes Vekst

Styret

 
Klikk på bilete for full storleik
Kulturskulesenter - LEAD Inc./ Rambøll Norge AS sitt forslag som vann i arkitektkonkurransen.
 
 
  Tilbake

 

Kontakt oss

Siste nyhende
29.03.2010
Husnes Vekst støttar gang- og sykkelveg

Arbeidet for gang- og sykkelveg mellom Slettestølen (Storemyr) og Pollen (Opsangervaten) er godt i gang.
Les meir
16.03.2010
Årsmøte i Husnes Vekst


Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 16. mars kl. 19:00 på Dr. Munk, Torghuset, Husnes.
Alle medlemar er invitert!
Les meir
15.12.2009
Kulturskulesenteret – for Kvinnherad. Uttale frå HV
Kulturskulen i Kvinnherad har sidan oppstarten i 1976 vore ei suksesshistorie. Over 4.000 barn og unge har fått høve til å utvikla sine kreative evner  gjennom Kulturskulen sine ulike tilbod til glede og nytte for seg sjølv og oss andre. Stadig nye unge frå Kvinnherad satsar som kulturbaserte yrkjer, for  mange av dei har undervisninga i  Kulturskulen vore starten på dette valet.
Les meir
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS