Husnes Vekst Framsida

Stadanalyse for Husnes sentrum - Uttale frå HV

Styrking av Husnes som sentrum i Kvinnherad kommune er etter Husnes Vekst si meining nødvendig for å utvikla kommunen sin posisjon i regionen. Vi har store forventningar til at stadanalysen vil leggja grunnlag for denne utviklinga.
 

Kvinnherad har mange kvalitetar som blir verdsett av både innbyggjarar og tilreisande: variert natur med kort avstand frå sjø til fjell, velhalde kulturlandskap, rikt kulturliv, variert arbeidsmarknad, godt kommunalt tenestetilbod og stadig aukande privat tenestetilbod.

 

Kvinnherad har felles utfordringar med dei fleste distriktskommunane, der det viktigaste er å skaffa kompetent arbeidskraft til stillingar både i privat og offentleg sektor. Mange verksemder står framfor eit generasjonsskifte mellom dei tilsette, og endringar i samansetjinga av innbyggjarane vil krevja mange fleire til å utføra omsorgstenester. Vi veit òg at innbyggjarane sine krav til betre offentlege tenester vil krevja tilsette med annan og betre kompetanse enn i dag.

 

Det er ikkje gitt at Kvinnherad vil vera av dei kommunane som vil vinna den komande kampen om arbeidskraft og kompetanse, sjølv om kommunen har mange kvalitetar. Dårlege kommunikasjonar er eit av områda som gjer at Kvinnherad må satsa enno meir enn andre, sjølv om kommunen klarer å få på plass betring på dette feltet. Unge noverande og framtidige innbyggjarar og verksemdsetablerarar vil krevja mykje av dei same tilboda som byane kan tilby. Tilbod som å tilfredstiller desse krava kan berre nåast gjennom sterk og målretta innsats for å byggja opp eit slagkraftig sentrum i Kvinnherad.

 

Berre Husnes har eit utgangspunkt som gjer at ein kan lukkast med dette. Husnes er alt sentrum i den mest folkerike delen av kommunen, dei største private investeringane skjer i Husnesområdet og her er samlinga av dei mest brukte idretts- og kulturtilboda. Husnes har ein av dei største konsentrasjonane av butikkar i Sunnhordland, noko som er ein av dei viktige føresetnadane for å lukkast som bydgeby. Husnes har ei viktig oppgåve å løysa, ikkje berre på eigne vegne, men for heile kommunen.

 

Næringsutvikling/-areal

 

Det er ikkje unaturleg at det samtidig med dei store utbyggingane som føregår i området melder seg stadig aukande trong for meir areal. Den satsinga ein har på Husnes gir grunnlag for etablering av nye tilbod både innanfor næring, offentlege tilbod og bustadbygging. Det er ei utfordrande oppgåve for kommunen å omdisponera areal etter som trongen aukar, men i ein situasjon der bedrifter står klare til utvidingar eller nyetableringar må ikkje tilgong på areal stoppa dette. Husnes er i den heldige situasjonen at det er areal til alle føremål dersom det blir fornuftig disponert.

  

Husnes Industriområde har det største samla arealet som er disponert til næring i kommunedelplanen. Manglande avklaringar med SØRAL må på plass snarast, dette arealet vil  bli enno meir attraktivt om det blir bygt ny veg frå ”Samspel”-krysset. SØRAL har ved fleire høve uttalt at dei kan stilla deler av arealet nedanfor det gamle Administrasjonsbygget til disposisjon for andre verksemder. Kommunen må vidareføra forhandlinga for å få dette realisert.

 

Bogsneskaien, Bogsnesvågen og Bogsneshalvøya har eit stort potensiale både for næringsutvikling, kommunikasjon og som rekreasjonsområde. Arealet er så stort og variert at det opnar for både industri, reiseliv, bustadbygging og fritidsaktivitetar.

Ny veg frå Statoilkrysset til gamleskulen gir både meir sentrumsareal og meir variert areal i tilknyting til sentrum. Dette gir grunnlag for vidareutvikling av eksisterande tilbod og utvikling av nye.

  

Området ved Bogsneskaien er overmodent for revurdering, eit så sentralt område må få ein meir intensiv bruk. Lokale investorar står klar til å utvikla dette arealet med utbygging som høver saman med eksisterande bustadområde og den einaste offentlege badestranda (Borvika) på Husnes.

  

Bogsnesvågen kan tilretteleggast for småbåthamn, reiseliv, rorbuer, camping, restaurantar og maritime aktivitetar, og knyta sentrum og Hardangerfjorden saman.

  

Eigarane av areal ved Hellandsbrua har meldt interesse for å omdisponera deler av sitt areal. Saman med eksisterande bygningar kan dette utviklast til ein fin innfallsport til Husnes for aktivitet som ikkje treng liggja i sentrum. Dette området kan nyttast både til nærings- og bustadføremål.

  

Fortetting av sentrum kan òg gje nytt næringsareal. Det kan vurderast om sentrumsnære område, til dømes nedsida av Kolavegen bør omregulerast til næring/bustad. Det bør avsetjast areal til utbygging av det kommunale tenestetilbodet.

  

Bustadutvikling

 

Visjonen om å byggja saman Sunde og Husnes med samanhengjande bustadfelt må realiserast. Dette vil vera samansveisande for bygdene og styrkja sentrumsfunksjonane. Det må leggjast til rette for fleire bustader med variasjon i storleik og komfort i Husnes sentrum. Desse må byggjast som nye etasjar oppå eksisterande og nye sentrumsbygg. Busetnad i sentrum er eit positivt og nødvendig element som gjev liv og tryggleik. Utvikling av nye bustadprosjekt må vera ein viktig del av utviklinga av eit tett og funksjonelt sentrum, dette bør prioriterast framfor nye bustad-”satelittar”.

  

I samband med utbygginga som føregår, har det fleire gonger vore ytra ønskje frå utbyggjarane å byggja høgare enn eksisterande bygg. Husnes Vekst er positive til at dette blir vurdert i stadanalysen. Bryting  av ein struktur med jamhøge bygningar kan gje variasjon og eit samspel med dei naturlege strukturane rundt Husnes.

  

Fortetting av eksisterande bustadområder er eit naturleg tiltak for å gje plass til fleire bustader og auka ”bykjensla”. I tillegg til betre utnytting av eksisterande infrastruktur, vil det gje lettare tilrettelegging for trygg og kort avstand mellom dei forskjellige måla.

 

Framtidige bustadområder kan vera arealet ved Hellandsbrua som grunneigaren ynskjer å utvikla, deler av arealet mellom Bogsnesvegen og Bogsneshalvøya høver og godt til bustadføremål.


Regional samferdsle

 

Ein viktig del av utviklinga av Husnesområdet er analyse av kva samferdsle-løysingar som samsvarar best med måla for Husnes. Husnes Vekst vil føreslå at Bogsneshalvøya blir framtidig utgangspunkt for ferjer og snøggbåt mot vest og nord, når kyststamvegen (E39) over Tysnes er ein realitet.

Plassering av slike viktige element nær sentrum og nær det tettast busette området vil styrkja utviklinga av tettstaden. Denne løysinga vil og vera positiv ut frå eit miljøperspektiv på grunn av kort overfart til Tysnes og kyststamvegen.

 

Lokal samferdsle

 

Lokalt  meiner Husnes Vekst at ein ny veg mellom Kaldestad/Røssland og Opsangervegen vil binda den etablerte busetnaden i dette området saman med Husnes sentrum og skule-, idretts- og helseområdet. Dette vil utløysa nye bustadfelt, meir areal for idrettsaktivitetar og vidare utbygging av Husnes som skulesenter. Dette vil gje gode og sikre trafikale tilhøve i eit område med svært mange born og unge, samtidig gjev dette god miljøgevinst med kortare kjøring og avlasting av sentrumstrafikken.

 

Betre tilgong på kollektive transportløysingar er noko vi ikkje kjem utanom. Terminal for buss og taxi sentralt plassert i sentrum er nødvendig for kollektivtransport skal vera eit attraktivt alternativ.

 

Område for skule, helse og idrett

 

Husnes si samlokalisering av skular, idrettsanlegg og omsorgstenester er i seg sjølv ein stor ressurs. Dette området er heldigvis så stort at utbygging av nye tilbod kan realiserast. Det er difor viktig at areal til desse funksjonane blir sikra i plansamanheng. Svært mange born og unge, offentleg tilsette og eldre oppheld seg gjennom døgeret i dette området, som er Kvinnherad kommune si største samling av tilsette og brukarar.  Samlokalisering av ungdomsskulen for Halsnøy og Husnes bør koma, det same gjeld ny idrettshall, fotballhall, parkområder, rehabiliteringstilbod o.a.

 

Sluttord

 

Styrking av Husnes som sentrum i Kvinnherad  kommune er etter Husnes Vekst si meining nødvendig for å utvikla kommunen sin posisjon i regionen. Vi har store forventningar til at stadanalysen vil leggja grunnlag for denne utviklinga.

 

Med helsing styret i Husnes Vekst

 
 
 
  Tilbake

 

Kontakt oss

Siste nyhende
29.03.2010
Husnes Vekst støttar gang- og sykkelveg

Arbeidet for gang- og sykkelveg mellom Slettestølen (Storemyr) og Pollen (Opsangervaten) er godt i gang.
Les meir
16.03.2010
Årsmøte i Husnes Vekst


Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 16. mars kl. 19:00 på Dr. Munk, Torghuset, Husnes.
Alle medlemar er invitert!
Les meir
15.12.2009
Kulturskulesenteret – for Kvinnherad. Uttale frå HV
Kulturskulen i Kvinnherad har sidan oppstarten i 1976 vore ei suksesshistorie. Over 4.000 barn og unge har fått høve til å utvikla sine kreative evner  gjennom Kulturskulen sine ulike tilbod til glede og nytte for seg sjølv og oss andre. Stadig nye unge frå Kvinnherad satsar som kulturbaserte yrkjer, for  mange av dei har undervisninga i  Kulturskulen vore starten på dette valet.
Les meir
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS