 |
Velkommen til Husnes Vekst! |  | | Husnes 2004 (Foto: Frode Leikvoll) |
| | | Husnes - inkluderande, nyskapande og urbanHusnes Vekst er en frivilig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Husnes Vekst arbeider for at Husnesområdet blir eit slagkraftig senter for industri, handel, service, reiseliv, skule, idrett og kultur. Organisasjonen driv aktiv arbeid for eit godt bu- og livsmiljø for innbyggarane i Husnesområdet. | | | Dette arbeider vi med: | | | Husnes Vekst ønskjer å vera pådrivar for å få nye bustadområde, friluftsområde, stader for leik, og område der næringslivet kan utvikla seg. Husnes Vekst ønskjer å vera ein aktiv medsperlar for kommunen når det gjeld utbyggingssaker , reguleringsplanar og kommunedelplanar. | | | Husnes Vekst er oppteken av å delta i trivselstiltak for folk som kjem på besøk og for dei som bur i området. Me kan nemna «Kom heim»-tilskipinga i romjula, Husnesdagane, Sommarrevyen, og Kvinnherad Kulturfestival om vinteren som viktige og positive aktivitetar på Husnes. Me ønskjer vera med i arbeidet, saman med andre, om å utvikla nye trivselstiltak for Husnesingane. | | | Husnes Vekst er dessutan engasjert i reiselivsarbeidet, og lagar til brosjyremateriell og anna for å profilere bygda i turistinformasjonar og i båthamner. | | | I tillegg ønskjer vi å få på plass dei servicetilboda som eit moderande samfunn skal ha. Å få lagt offentlege kontor til Husnes har vore ei prioritert oppgåve. Husnes Vekst har difor arbeida spesielt mykje med å få lensmannskontoret ope kvar dag, NAV-kontoret lett tilgjengelig for folk flest og at Kulturskulen og dei andre skulane i område får moderne lokale som er tilpassa dagens behov. | | | Engasjer deg i bygda di! | | | | |
| Siste nyhende | Kvinnherad kulturfestival 2012 | Programmet til Kvinnherad kulturfestival 16.-19. februar 2012 er nå klart. | | | Les meir | 19.01.2012 |
|
| Årsmøte i Husnes Vekst | | Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 23. februar kl. 19:00 på To Søstre, Husnes Storsenter. Alle medlemar er invitert! | | | Les meir | 13.01.2012 |
|
| |
| | Husnes Vekst | | Postboks 170 | | 5480 Husnes | | E-post: | | post@husnesvekst.no | | Kontonr.: | 7285 05 04971 | | Org.nr. | 971 356 545 |
|
|
| 11.11.2011 | Plassering av offentleg tannlegekontor | Husnes Vekst merka diskusjonen rund plasseringa av offentleg tannlegekontor i den nye situasjonen som har oppstått i samband med Samhandlingsreforma 2012. | | Les meir | 31.08.2011 | Merknadar til reguleringsplan for byen Husnes | Husk! Frist for uttale er
09. september 2011
Uttaler merka ”Detaljreguleringsplan byen Husnes” må sendast innan fristen til Kvinnherad kommune med brev eller e-post post@kvinnherad.kommune.no. | 12.08.2011 | Folkemøte om reguleringsplan 25. aug. 11 | Kvinnherad kommune og Husnes Vekst arrangerer eit ope møte om reguleringsplan for 'byen' Husnes på torsdag den 25. august, klokka 19.00 på Kulturhuset Husnes. | | Les meir | |
| |